Bergen

Juleverksted Bergen

Start:
23
.
11
.
2025
Kl:
13:00
Slutt:
23
.
11
.
2025
Kl:
15:00

Juleverksted

I samarbeid med Psykiatrialliansen og Stiftelsen Betanien inviterer me til eit juleverkstad litt utanom det vanlege, med kafé og chill-sone, gymsalaktivitet og juleverkstadstasjonar. Vårt hus på Betanien har mange rom – bokstavleg tala!

Her er programmet:

A. Gulerommet:

ADHD-kafé og chill-sone. For vaksne og seniorar.

Her er det kaffi og og te, ingen krav til produksjon, heller ingen samtalekrav, berre fri prat viss nokon ynskjer det, og tilgong til likeperson.

Roleg lys og dempa lyd og sone for dei som treng pause frå alt.

B. Kantina:  

Smellbonbon–stasjonen.

Lag ein eller 10!

På denne verkstaden vert dorullar nytta til noko som smell litt meir.  

På denne stasjonen får du laga heimelaga smellbonbon med knall og godteri inni.  Kanskje du også vil skriva eit lite personleg julekort inni? Eller vert det til morosame bordkort? Eller pynt på kransekaka!

Ta gjerne med dorullar og restepapir viss du har!

C. Kantina:  

Nellikappelsin

For dei som treng ro, lukt og repetitivt arbeid

Appelsiner med nellikmønster som ein tradisjonell aventskalender, eller som eit eige kunstverk.

Lag gjerne fine mønster: Prikkar, spiralar og initialar.

D. Kantina:  

Til-og-frå-lappar og julekort

Me har eige «stempel-buffetbord» med figurstempel og bokstavar, me har tusjar, blyant og vannmaling.

E. Gymsalen:

Innebandy og sportsaktivitetar

Frå 13 år, vaksne og seniorar.

Har du mykje energi og treng ein pause frå dei rolege aktivitetane? Kom i gymsalen og rør på kroppen!

Her kan du:

Springa og bruka energi, få ro tilbake

Spela korte, uformelle kampar

Skyta på mål

Me har også yogamatter til dei som vil turna litt i foajeen!

Følg oss på Facebook for mer informasjon.